Villeple

I år tilbyr med villepletre som har bestått hardfør-testen. I 2-3 år har kun dei sterkaste overleved heilt utan vatning og utsatt for direkte sollys, storm, hagl, styrtregn, frost, snø og is. Nokon har til og med blitt beita på av elg og rådyr.

Visste du at

grunnen til at det finst mange epletre frå ein sort, f.eks. Aroma, kjem av at ein “klonar” treet ved hjelp av poding? Sjølv om millionar av epletre med same eplesort, så er det opprinneleg berre eit mortre, eller ein knoppmutasjon som er opphavet.

Kvifor teste villepletre?

Dette er eit kult og langsiktig eksperiment. Nokre grunnar me vil løfte fram:

  1. Du vil få eit heilt unikt epletre, og du kan kalle eplet kva du vil!

  2. Du treng ikkje vatne det! Eit villepletre får djupe røter og er svært robuste.

  3. Bruk treet som ei robust grunnstamme. Om det skulle vise seg at epla ikkje produserer ynskja kvalitet, så kan pode ynskja sorter på det.

  4. Den perfekte bursdagspresangen for nybakte foreldre, plant treet i hagen og det veks i takt med barnet. Og kall eplet for namnet til barnet?

  5. Treet blir stort! Men, med beskjering og trening av greiner, så kan ein holde det mindre om ein vil.

  6. Treet bidreg med pollen og nektar for insekt.

Eplet kan bli stort, smått, surt, søtt, sommareple, vintereple. Ja alt frå det deiligaste eplet i verda til det motsatte.

Frøa er av genetisk opphav frå epler produserte i Norge.

Me er stolte over å vere økologisk sertifiserte, men i tillegg tar me nokre ekstra steg som på engelsk ville ha blitt beskrive som “beyond organic”.

Frakt

Me sender i posten når lauva har falle av, typisk november-desember etter trea har gått i dvale. Ved mottak anbefalar me å plante tre der dei skal vokse. Elles kan me sende i mars-april rett etter telen har gitt seg og før knoppsprett.