Ynskjer du lokalproduserte økologiske grønsaker og eplemost til restauranten din?

Ta kontakt med oss på eivind.flatlandsmo@gmail.com

I år er har me ulike bær, grønsaker og frukt til salgs.
Dette er vår 4. vekstsesong, og me lærer mykje frå sesong til sesong.

Me er stolte over å vere økologisk sertifiserte, men i tillegg tar me nokre ekstra steg som på engelsk ville ha blitt beskrive som “beyond organic”.

I vår kontekst betyr det mellom anna at frukta, bæra og grønsakene våre veks opp i eit miljø med eit mangfald av plantar, direkte solskin, eller godkjente økologiske sprøytemidlar.

Dei må klara seg (nesten…) heilt sjølve, litt pleie gjennom luking, vatning og jordforbetrande tiltak som gjødsling får dei.

Dette gjev robuste plantar som veks i tempoet dei sjølv bestemmer.

Dette trur me lagar den beste kvaliteten.

Økologisk eplemost

- September/Desember-

Årets smakar

Rosette

Ein blanding av discover rosette, rubinola og ein blend av norske epler.

Vågal

Ein blend av aroma, filippa, freya og rubinstep.

Årets grønsaker

Squash

- August/September -

Squashen vår sprutar opp av jorda og trivst svært godt hjå oss.

Sukkererter

- August-

Me har mykje deilige sukkererter av sorten Narobi og Sweet Horizon.

Potet

- August/September -

I år har me dei deilige sortane Cerisa og Nansen. Bakt Cerisa med oliven olje, salt, rosmarin og timian er dei deiligaste potene me har smakt!

Me samplantar potetene med erter og eit lite hav av ulike blomar. Erter fikserer nitrogen og blomane tiltrekker seg ønska insekt. Og, kvifor skal ikkje ein potetåker gi mat til pollinerande innsekt fyrst, for så at me nyt haustens grøde etter bløminga er ferdig?

Potetåker samplanta med blomar

Beter

- August/September -

Betane visar gode teikn til avling.

Gulrot

- September/November-

I år har me planta mange tusen lilla gulrotfrø. Me håpar på god vekst og at me kan tilby dette til hausten.

I tillegg har me planta oransje gulrøtter som skal vere ekstra søte på smak!

Søtmais

- September -

Me har samplanta maisen med sukkererter og squash, ein urgammal teknikk kalla “tre søstre” på norsk. Det var nok meir vanleg å dyrke bønner i staden for sukkererter!