Er du restaurant og ønsker å bestille?

Ta kontakt med oss på eivind.flatlandsmo@gmail.com

I år er har me ulike bær, grønsaker og frukt til salgs.
Dette er vår 2. vekstsesong og fleire av plantane visar gode teikn på avling!

Me er stolte over å vere økologisk sertifiserte, men i tillegg tar me nokre ekstra steg som på engelsk ville ha blitt beskrive som “beyond organic”.

I vår kontekst betyr det mellom anna at frukta, bæra og grønsakene våre veks opp i eit miljø med eit mangfald av plantar, direkte solskin, ingen regelmessig pløying eller godkjente økologiske sprøytemidlar.

Dei må klara seg (nesten…) heilt sjølve, litt pleie gjennom luking og jordforbetrande tiltak som gjødsling får dei.

Dette gjev robuste plantar som veks i tempoet dei sjølv bestemmer.

Dette trur me lagar den beste kvaliteten.

Årets grønsaker

Squash

- August/September -

Squashen vår sprutar opp av jorda og trivst svært godt i jorda vår.

Potet

- August/September -

I år har me dei deilige sortane Cerisa og Carolus. Bakt Cerisa med oliven olje, salt, rosmarin og timian er dei deiligaste potene me har smakt!

Me samplantar potetene med erter og eit lite hav av ulike blomar. Erter fikserer nitrogen og blomane tiltrekker seg ønska insekt. Og, kvifor skal ikkje ein potetåker gi mat til pollinerande innsekt fyrst, for så at me nyt haustens grøde etter bløminga er ferdig?

Potetåker samplanta med blomar

Søtmais

- September -

Ein del av søtmaisen me har samplanta med graskar og bønner viser gode teikn, så me trur på litt avling.

Beter og stangbrekkbønner

- September -

Betane og stangbrekkbønnene me dyrkar visar gode teikn til avling.

Graskar

- September/November-

Urfolk i sentral- og nordamerika er kjent for å ha planta mais, bønner og squash ilag. Dyrkningsmetoden er kalla “Three sisters”. I år testar me å gjere det same. Ein rådande modell mange har om korleis plantar fungerer, er at dei konkurrerar om næring, vatn og lys.

Nyare forskning visar at plantar frå ulike plantefamiliar har eit utmerka samarbeid og hjelp kvarande meir enn dei konkurrerar. Korleis kunne urfolka i sentral- og nordameriak vite det?

Det ser ut til at det blir litt avling av graskar i år, og kanskje litt søtmais og bønner.

Jordskokk

- September/November-

Jordskokken er ein robust plante, som liknar på solsikker når dei blømer - dette fordi dei er i same slekta, nemleg Helianthus.

På same måte som for poteter, så er det rotknollane me brukar i matlaging.

Me opplev jordskokken er på veg opp og fram, etter å ha vore ukjent lenge. Det er ikkje utan grunn at restaurantar brukar denne gode planten. Visste du forresten at dette er ein fleirårig urt? Gjort rett, kan du plante denne planten ein gong, og hauste i mange år.

Modnar på seinhausten, oktober/november.

Lilla gulrot

- September/November-

I år har me planta mange tusen lilla gulrotfrø. Me håpar på god vekst og at me kan tilby dette til hausten.